Sosialstønad og Helfo – Stønad til tannbehandling

Sosialstønad

Nokre menneske har av ulike grunnar ikkje moglegheit til å betale for tannbehandling. Dersom ein har rett til trygdestønad eller sosialstønad, kan ei søke NAV om bidrag til tannbehandling. Slike bidrag dekker tannbehandling som er naudsynt for normal funksjon av tannsettet. Ei slik behandling må vere behovsprøvd.

Dersom NAV meiner du kan ha rett på ein slik stønad, gjer vi ei grundig undersøking, planlegger behandling og lagar kostnadsoverslag. Rådgivande tannlege i NAV og saksbehandlar vurderer om søknaden blir innvilga.

Helfo – stønad til tannbehandling

Som hovudregel må vaksne pasientar i Noreg betale for tannbehandling sjølv. Likevel finst det nokre medisinske diagnosar og tilstandar, som gir unntak frå denne regelen. Når du kjem til undersøking hjå oss vil vi vurdere om du er ein som har rett på stønad frå folketrygda.

Etter folketrygdlova §5-6 blir det gitt stønad til dekning av utgifter til undersøking og behandling av følgjande tilfelle/tilstandar:

  1. Sjeldan medisinsk tilstand
    Sjeldne medisinsk tilstandar vil seie enkeltdiagnosar som førekjem blant totalt omlag 500 personar i Noreg. Helsedirektoratet lagar lister over desse tilstandane, og oppdaterer regelmessig. Dersom du har ei diagnose som står på denne lista og den er av varig karakter, kan du ha rett til stønad.
  2. Lippe-kjeve-ganespalte
    For stønad etter dette punktet må tannbehandlinga ha direkte relasjon til lippe-kjeve-ganespalte (LKG).
  3. Svulstar i munnhole, tilgrensande vev eller hovudregionen forøvrig
    Dersom ein svulst eller behandlinga av denne direkte påverkar munnhole/kjevar og gir behov for tannbehandling, gir det rett på stønad.
  4. Infeksjonsførebyggande behandling ved særlige medisinske tilstandar
    Du kan i visse tilfelle har rett på stønad for naudsynt infekesjonsførebyggjande tannbehandling der infeksjon og/eller infeksjonsspreiing frå munnhola kan utgjere ein alvorleg eller livstrugande situasjon. Dette kan gjelde ved hjarteoperasjon, dialysebehandling, organtransplantasjon, beinmargstranplantasjon, stamcellebehandling, høgdose cellegiftbehandling, HIV/aids og enkelte krefttilstandar.
  5. Sjukdommar og anomaliar i munn og kjeve (tann- og kjevekirurgisk behandling)
    Stønad blir gitt ved sjukdommar eller tilstander der behandling blir gjennomført på kirurgisk og/eller oralmedisinsk grunnlag.
  6. Periodontitt (tannkjøttsjukdom)
    Du får stønad ved systematisk behandling av periodontitt og for erstatning av tenner som går tapt som følgje av periodontitt.
  7. Tannutviklingsfortyrring
    Du kan ha rett til stønad dersom du har ein medfødt tannutviklingsfortyrring, som har vesentleg innverknad på både funksjon og estetikk.
  8. Bittanomalier
    Bittavvik kan dekke delar av utgiftene til tannregulering. Kor mykje, kjem an på omfanget av avviket.
  9. Patologisk tap av tannsubstans ved attrisjon/erosjon
    Dersom syreskader og/eller tannslitasje har ført til alvorleg tap av tannsubstans, kan du har rett til noko stønad for gjennoppbyggjing av dei tenna dette gjeld.
  10. Hyposalivasjon (munntørrheit)
    Munntørrheit som over tid har ført til fleire hol i tennene, kan gi deg rett noko stønad. Denne stønaden blir i hovudsak gitt for konserverande behandling (fyllingar og fyllingsmateriale).
  11. Allergiske reaksjonar mot tannrestaureringsmaterialer
    Stønad kan i visse tilfelle bli gitt for å dekke utgifter til utskifting av fyllingar/proteser som har gitt ein allergisk reaksjon i munnslimhinne og/eller hud. Det blir berre gitt stønad til utskifting av materiale som har direkte kontakt med området der det har oppstått ein allergisk reaksjon.
  12. Tannskade ved godkjent yrkesskade
    Yrkesskade vil seie sjukdom eller skade som følgje av arbeidsulykke. NAV må godkjenne skaden som yrkesskade, for at du skal ha rett til stønad for tannbehandling.
  13. Tannskade ved ulykke, som ikkje er yrkesskade (fritidsulykker)
    Det blir gitt stønad for omfattande tannskader som har vesentleg innverknad på funksjon og estetikk. Behandling skal rette opp igjen tilstanden slik den var før ulykka.
  14. Sterkt nedsett evne til eigenomsorg ved varig sjukdom, eller ved varig nedsett funksjonsevne.
  15. Heilt eller delvis tanntap, utan eigne tenner i underkjeven.
    Dersom du har tannlaus kjeve og anatomi, slag, allmennsjukdom eller andre forhold gjer at laustsittande protese ikkje fungerer for deg, kan du ha rett til stønad for 2 implantater og ei dekkprotese festa til desse.

Dersom du har spørsmål knytt til tannbehandling og trygderefusjon, kontakt oss.

Vi har direkteoppgjer med Helfo, som vil seie at vi ordnar papirabeidet og du betalar kunn for eigenandelen etter behandlinga.