Estetisk behandling

Estetisk behandling

Vi tilbyr ei rekke estetiske behandlingar. Enten vi snakkar om bleiking, fasett eller regulering, sørger vi for at du kan smile breidt med flotte, friske tenner.

Fjerning av belegg og misfarging

Røyk, vin, kaffi, te o.l. kan gi misfarging på tennene som følast skjemmande. Vår tannpleiar tilbyr behandling med Air Flow. Dette er sandblåsing av tennene ved hjelp av vatn og natriumbikarbonat, som effektivt og utan smerter fjernar belegg og misfarging. Metoden er mild og gir glattare, kvitare og meir estetisk resultat.

Bleiking av tenner

Du får med seg skinner og bleikemiddel heim, som ein brukar anten på dag- eller nattid, etter instruks frå tannlege / tannpleiar. Før ein sett i gong med bleiking er det viktig å sjekke for karies/hol eller utette fyllingar. Tidlegare fyllingar og krone/bruer blir ikkje bleika.

Tannfasett

Fasett / laminat er fasadar i plast eller porselen som ein nyttar i estetiske soner for å endre på tanna si form og / eller farge.

Invisalign

Invisalign er usynleg tannregulering. I motsetnad til vanleg regulering, nyttar ein tynne skinner i plast. Desse kan takast ut ved måltid og ved reingjering. Med Invisalign kan ein t.d. behandle trongstilling, skeive tenner, store mellomrom eller bruke det som forbehandling før behandling med fasett / skallkrone og implantat. Å endre på tannstilling kan gjere det enklare og halde tennene reine og hindre sjukdom i tannkjøtt. Les meir om Invisalign her.

Er det noko meir du lurer på? Kontakt oss.