Snorkeskinner

Ein svært vanlege lidelse

Visste du at snorking kan gi pustestopp, høgt blodtrykk, auka belastning på hjertet og trøttheit i det daglige? Snorking kan føre med seg pustestopp (søvnapné) som gjer at ein mister den djupe søvnen. Dette fører igjen til at ein ikkje vert ordentlig utkvilt. Når vi søv vert musklane slappe. I mange tilfeller kan dette føre til at passasjen vi pustar gjennom vert trong. Ved pustestopp vert oksygennivået i blodet senka, og hjernen vår reagerer med ein reaksjon som vekker pasienten, noko som verkar skadelig for kvaliteten på søvnen. 20-40% har søvnapné eller anna hemming av pusten under søvn, og heile 80% av desse er veit ikkje at dei har lidelsen. Snorkeskinner er ofte det første valet ved problem knytt til snorking, men også ved behandling av mild til moderat søvnapné.

Alle kan lide av søvnapné

Søvnapné kan oppstå hos alle. Normalt er det vaksne og eldre som vert ramma. Enkelte tilstandar gir større risiko, mellom anna skeiv skillevegg i nasen, store mandlar, polyppar, lita hake, smal nase, og breid hals og nakke. Søvnapné går delvis i arv, og er dermed meir vanleg for folk som har foreldre med sjukdommen.

Snorkeskinner gir god effekt

Snorkeskinner eller søvnapnéskinne er ei kjend og godt dokumentert behandling av søvnapné og sosial snorking. Behandlinga viser til svært god effekt ved mild til moderat søvnapné. Om ein har vanskar med å nytte andre løysingar som til dømes CPAP (maskin for snorking), er snorkeskinner eit godt alternativ til dette.

Snorkeskinner opnar for lufta

Snorking kjem av at opninga som lufta skal pressast gjennom er trang. Snorkeskinner er ei bøyle som dreg fram den nedre kjeven mens ein søv. Ved å føre kjeven framover (ca 0,5cm lenger fram enn vanlig), opnar ein opp luftvegane og gjer det enklare å puste.

Individuelt tilpassa

Snorkeskinnene vert individuelt framstilt og tilpassa kvar enkelt pasient. Først tek tannlegen eit avtrykk av tennene dine. Avtrykket vert deretter sendt vidare til ein tannteknikar som produserer skinnene.

Vi har kunnskap om søvnapné og kompetanse for framstilling av apnéskinner (snorkeskinner). Kontakt oss for meir informasjon, eller les meir om snorking og søvnapné på www.sovnapne.no.