Akutt og ordinær tannbehandling

Akutt behandling

Tannproblem kan oppstå når som helst. Som tannlege plikter vi oss å hjelpe deg om du kontaktar oss utanfor vanleg arbeidstid. Treng du akutt tannlege? Vi tilbyr akutt behandling raskt ved kritiske henvendelsar.

Undersøking / konsultasjon

Ved undersøking kontrollerer vi grundig både slimhinner, tenner og tannkjøtt for å avdekke evt. sjukdom i munnen. Jamnleg undersøking er ei god investering for munn- og tannhelse, då vi kan finne sjukdom på eit tidleg stadium og gi deg tips til førebygging. Kor ofte ein treng undersøking kjem an på kvar enkelt, men for dei fleste held det med éin gong i året.

Karies / hol i tenna

Karies vil seie tannråte. Når bakteriar hopar seg opp og dannar plakk, nyttar dei sukker/karbohydrat frå mat og drikke til å produsere syre. Denne syra bryt ned tannvevet og gjer det mjukt.

  • ”Begynnande” hol: Dette er karies i det yste laget av tanna, emaljen. Ved hjelp av godt reinhald og fluor, kan ein hindre at det får utvikle seg.
  • Dersom holet får utvikle seg og går inn til dentinlaget, må det fjernast operativt ved boring, og det tapte tannvevet må erstattast med fylling.

Fyllingsterapi

Fylling er eit tannfarga komposittmateriale vi nyttar for å erstatte tapt tannvev. Tap av vev kan skje ved karies / hol, slitasje, syreskade eller sprekk / fraktur av tanna.

Tannreinsing / behandling av tannkjøttsjukdom

Fjerning av bakteriebelegg (plakk) og tannstein er viktig for både førebygging av hol i tenner og tannkjøttsjudom. Når det gjeld tannkjøttsjukdom, skil vi mellom gingivitt og periodontitt.

  • Gingivitt er ein overfladisk, ikkje-kronisk betennelse. Denne manifisterar seg ved raudt, lett hovent og lett blødande tannkjøtt, men utan påverknad av festeapparatet til tanna. Ubehandla kan gingivitt føre til periodontitt.
  • Periodontitt er ein kronisk betennelse i tennene sitt festeapparat. Ubehandla vil periodontitt i fyrste omgang føre til at festet mellom tann og tannkjøtt blir brote ned og etterkvart også beinet. I verste tilfelle fører det til at tennene losnar og fell ut. Det er fleire faktorar som fører til utviklinga av denne sjukdommen; genetikk, bakteriar, dårleg reinhald og røyking er nokre av dei.

Ved behandling av tannkjøttsjukdom kan ein halde sjukdommen i sjakk. Dette krev god innsats og samarbeid mellom tannlege/tannpleiar og pasient. Tannlege/tannpleiar vil kontrollere tannkjøttet, reinse grundig og gi hygieneintruksjonar, som pasienten må følgje opp sjølv.

Rotfylling

Om nerven i tanna vert utsett for irritasjon, kan det bli infeksjon i tanna og nokre gongar i kjevebeinet rundt. Irritasjonen kan kome frå bakteriar i store kariesangrep, sprekker i tanna, djupe fyllingar, krone, traume eller unormalt trykk/press på tanna. Infeksjonen gir i nokre tilfelle smerter, mens den andre gongar blir oppdaga tilfeldig på røntgenbilete. Målet med rotfylling er å fjerne alt infisert vev og erstatte det med eit rotfyllingsmateriale, for å hindre spreiing av infeksjon i kjevebein og kroppen. Denne prosessen krev stor presisjon og tek ofte lang tid. Heldigvis er det som oftast ein prosess som er fri for smerte, med god prognose. Likevel kan det skje komplikasjonar undervegs som reduserar levetida, t.d. at infeksjonen blussar opp igjen, at instrumenta frakturerar i rotkanalen eller at tanna sprekker.

Krone

Om tanna er så skada at vanleg fyllingsterapi ikkje gir nok haldbarheit, er krone eit godt val. Ei krone er ei tann som er kunstig framstilt av ein tannteknikar. Den blir tilpassa det som står att av tanna og til tennene rundt, slik at den ser og kjennes naturleg ut.

Bru

Bru er eit godt alternativ om ein ynskjer å erstatte ei eller fleire tapte tenner. Då nyttar ein nabotenner, evt. implantat, som feste for å kunne erstatte manglande tenner. Brua blir laga slik at den ser naturleg ut i forhold til resten av tannsettet. God hygiene i munnen er viktig for å hindre hol eller sjukdom i tannkjøttet på tennene brua er festa til, slik at brua får lengst mogleg levetid. Dette vil vi gi deg god opplæring i.

Delprotese

Ei delprotese kan erstatte ei eller fleire manglande tenner. Ein nyttar gjenverande tenner til feste for protesa. Den må takast ut for reingjering av tenner og protese.

Heilprotese

Dette er eit godt val om ein manglar alle tennene, anten i ein eller begge kjevane.

Tanntrekking

Nokre gongar er den beste behandlinga å fjerne tanna. Dette kan vere pga. store hol, infeksjon i nerve, festeapparat eller vev, som gjer at prognosa til tanna vil vere svært usikker. Å trekke ei tann er oftast eit enkelt inngrep, men nokre gongar krever det eit kirurgisk inngrep.

Invisalign

Invisalign er usynleg tannregulering. I motsetnad til vanleg regulering, nyttar ein tynne skinner av plast. Desse kan takast ut ved måltid og ved reingjering av tennene. Med Invisalign kan ein t.d. behandle trongstillingar, skeive tenner, store mellomrom eller bruke det som forbehandling før behandling med fasett/skallkrone og implantat. Å endre på tannstilling kan i nokre tilfeller gjere det enklare og halde tennene reine og førebygge sjukdom i tannkjøtt. Les meir om Invisalign her.

Tannbleiking

Pasienten får med seg skinner og bleikemiddel heim, som ein brukar anten på dag- eller nattid, etter instruks frå tannlege / tannpleiar. Før ein sett i gong med bleiking av tenner, er det viktig å undersøke tenner for karies/hol eller utette fyllingar. Tidlegare fyllingar og krone / bruer blir ikkje bleika.

Tannfasett

Fasettar / laminat er fasadar i plast eller porselen som ein nyttar i estetiske soner for å endre på tanna sin form og/eller farge.

Snorkeskinner

Dette er skinner som blir produsert for å hindre snorking og pustestopp / søvnapné. Det kan nyttast ved mild til moderat søvnapné og er eit godt alternativ dersom ein har vanskar med å nytte CPAP. I prinsippet verkar det ved å føre underkjeven framover, slik at ein får opna opp luftvegane meir.

Kirurgisk fjerning av tann

Dette er oftast aktuelt ved fjerning av visdomstann, der det ikkje er plass for at den kan komme fullstendig fram. Ei visdomstann som berre delvis har kome opp, vil kunne skape betennelse rundt i tannkjøttet, eller skape problem for tanna framfor. Det er då best å fjerne den.

Rotspissamputasjon

Nokre gongar gir ikkje normal rotfylling vellukka resultat. Det kan vere delvis tette kanalar, små sidekanalar eller svært bøygde røter, som gjer det vanskeleg å oppnå optimalt resultat. Det kan då oppstå ein ny infeksjon på rotspissen eller langs rota. Denne kan fjernast ved eit lite kirurgisk inngrep, der ein kappar av rotspissen og fjernar infeksjonen.

Periodontal kirurgi

Nokre gongar er ikkje grundig reinsing og puss nok for å behandle sjukdom i tannkjøtet. Lommene mellom tann og tannkjøtt kan vere så djupe at det er vanskeleg å komme til for å fjerne tannsteinen tilstrekkeleg, og for pasient å halde det reint i det daglege. Då kan vi operere tannkjøttet for å gjere dette enklare.

Biopsi

Biopsi er ei vevsprøve. Dersom vi oppdagar ei forandring i munnhula og mistenker at det kan vere sjukdom, tek vi ei vevsprøve av dette og sender til sjukehuset for undersøking. Enkle biopsiar gjer vi sjølve, men nokre gongar henviser vi deg vidare til oralkirurg.

Innsetting av implantat

Implantat er ein skrue av titan som blir satt inn i kjevebeinet for å erstatte rota på ei manglande tann. Implantat er ofte aktuelt dersom tenner nærmast tannluka er heilt friske eller at det ikkje er mogleg å lage bru. På toppen av implantatet kan ein feste krone, bru eller protese.

Før ein kan sette inn implantat blir pasienten undersøkt klinisk og med røntgen, for å slå fast om kjevebeinet er godt nok. Etter implantatet er satt inn i beinet, er det ei tilhelingstid, slik at skruen får feste seg i beinet før ein belastar den med krone eller bru.

Tannlegeskrekk / odontofobi

Hos oss har vi fokus på å sjå heile pasienten og gje alle ei kjensle av tryggleik og kontroll. Det er viktig for oss at du føler deg godt teke vare på og opplever at behandlinga er behageleg. Ein av våre tannelegar har tatt eksamen i odontofobi og har god kunnskap om korleis hjelpe dei som er redde.

Kontakt oss for akutt behandling eller meir info om våre tenester.