Tannlegeskrekk og odontofobi

Tannlegeskrekk er vanleg

Visste du at 5 til 10% av voksne i Noreg unngår behandling av tennene sine på grunn av angst? Odontofobi, eller tannlegeskrekk kan vere ei stor byrde for deg som pasient. Lidelsen kjem i forskjellig grad. Nokon pasientar klarer å gå til tannlegen, men føler at besøket er svært krevjande og ubehagelig. Hos andre kan frykta dreie seg om spesifikke delar av behandlinga, til dømes boring, sprøyter, lukt eller lyd. I dei mest alvorlege tilfella kan angsten føre til at ein unngår behandling heilt.

Ein ond sirkel

Om skrekken er så alvorlig at ein unngår behandling, kan dette føre til dårlegare tenner. Dette kan vidare føre til eit større behov for behandling. I verste fall kan pasienten gå rundt med store smerter i lang tid på grunn av angsten.

Spesialist i odontofobi

Hos Ulstein Tannlegesenter fokuserer vi på behova til kvart enkelt individ, og ønsker å gje alle våre pasientar ei kjensle av tryggleik og kontroll. Det er viktig for oss at du som pasient føler deg godt ivaretatt og opplev behandlinga som behagelig. Ein av tannlegane våre har teke eksamen i odontofobi og har god kunnskap om korleis vi kan hjelpe og bistå dei som er redde.

Kontakt oss for å høyre meir om tannlegeskrekk og korleis behandlinga vert tilpassa dine behov for tryggleik. Du kan også lese meir om odontofobi hos Den Norske Tannlegeforening.