Implantat og kirurgi

Kirurgi og fjerning av tann

Kirurgi og inngrep er aktuelt ved fjerning av visdomstann der det ikkje er plass til at den kan kome fram. Ei visdomstann som delvis har kome opp, vil ofte kunne skape betennelse rundt i tannkjøttet eller den kan skape problem for tanna framfor. Det er då best å fjerne den.

Rotspissamputasjon

Nokre gongar gir ikkje normal rotfylling vellukka resultat. Det kan vere delvis tette kanalar, små sidekanalar eller svært bøygde røtter, som gjer det vanskeleg å oppnå optimalt resultat. Det kan då oppstå ein ny infeksjon på rotspissen eller langs rota. Denne kan fjernast ved eit lite kirurgisk inngrep, der ein kappar av rotspissen og fjernar infeksjonen.

Periodontal kirurgi

Nokre gongar er ikkje grundig reinsing og puss nok for å behandle tannkjøttsjukdom. Lommene mellom tann og tannkjøtt kan vere så djupe at det er vanskeleg å komme til for å fjerne tannsteinen tilstrekkeleg, og for pasient å halde det reint i det daglege. Då kan vi operere tannkjøttet for å gjere dette enklare.

Biopsi

Biopsi er ei vevsprøve. Dersom vi oppdagar ei forandring i munnhula og mistenker at det kan vere sjukdom, tek vi ei vevsprøve av dette og sender til sjukehuset for undersøking. Enkle biopsiar gjer vi sjølve, men nokre gongar henviser vi deg vidare til oralkirurg.

Innsetting av tannimplantat

Før ein kan sette inn implantat blir pasienten undersøkt klinisk og med røntgen, for å bestemme om kjevebeinet er godt nok. Implantatet er ein titanskrue, som blir plassert i kjevebeinet ved eit kirurgisk inngrep. Etter dette er det ei tilhelingstid, slik at skruen får feste seg i beinet før ein belastar den med krone eller bru.

Kontakt oss for meir informasjon, eller les meir om tenestene vi leverer.